Spør oss. Vi har gjort det før.

HELSE SØR-ØST:

FRÅ STRATEGI TIL GJENNOMFØRING

Helsesektoren har utfordringar på eigedomssida som har mange likskapstrekk med dei utfordringane Forsvaret står overfor. Dette er utgangspunktet for rammeavtalen vår med Helse Sør-Øst, som for tida omfattar eit titals prosjekt. Oppdraga spenner frå strategisk rådgjeving om porteføljestyring og metodikk til verdivurdering, forhandlingar, moglegheitsstudiar, avhending og tomtedeling. Det største prosjektet vårt til no er avhending av sjukehusa i Fredrikstad og på Veum i samband med at det blir bygd nytt sjukehus i Sarpsborg.

NORDLANDSSJUKEHUSET:

KARTLEGGING AV MOGLEGHEITER

Nordlandssjukehuset eig ein stor eigedomsmasse i Bodø sentrum, med bustadblokker, hybelhus og nokre mindre eigedomar og einskildleilegheiter. Skifte eigedom har utarbeidd ein moglegheitsstudie for å gje eigaren eit betre grunnlag for å ta avgjerder om vidare utvikling av porteføljen. Arbeidet har omfatta kartlegging, analysar, verdivurderingar, alternative løysingar og tilråding om framtidig løysing.

DIREKTORATET FOR SAMFUNNSTRYGGLEIK OG BEREDSKAP (DSB):

RÅDGJEVING OG AVHENDING

Til liks med Forsvaret, har DSB lagt om måten dei løyser oppdraga sine på. Det har ført til at mange eldre Sivilforsvarsanlegg ikkje lenger er føremålstenlege. Dette gjeld for det meste anlegg i fjell, men òg ein del leirar og lager. Skifte eigedom har ytt støtte til DSB i samband med eigedomsrådgjeving og avhending sidan 2008. Det står framleis mange anlegg att å vurdere og eventuelt selje.

KRISTIANSAND KOMMUNE:

MILJØREINSING AV SJØBOTNEN

I Marvika ved Kristiansand har Skifte eigedom gjennomført eit større miljøsaneringsprosjekt i samband med overdraginga av ein nedlagd marinebase til Kristiansand kommune. Samstundes planla kommunen eit liknande miljøprosjekt i Torsvika like ved. Kommunen bad difor Skifte eigedom om å ta seg av dette oppdraget òg når vi først var i gang i området. Miljøreinsing av sjøbotnen stod sentralt i prosjektet.

Ivan Fjeldheim-Pettersen

Markeds- og kommunikasjonssjef/Leder Salg og Rådgiving

975 24 802

ivan.fjeldheim-pettersen@skifte.no

">