• Planleggingsfase
  • Kartlegging/Tiltaksplan
  • Høring/Søknad tiltak
  • Tiltak pågår
  • Ferdig
  • Overvåking

Sikring og rydding - Steinkjersannan

Høyrings- og søknadsprosessen er i gang, og det er venta at det kan startast tiltak i løpet av 2012.

Skifte eigedom har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel.

Steinkjersannan skyte- og øvingsfelt ligg sentralt til i Steinkjer nær den no nedlagde Steinkjersannan leir. Skyte- og øvingsfeltet blei bygt om og modernisert på 90-talet, og er i dag eit kompakt og velutstyrt skytebaneanlegg med åtte skytebaner for handvåpen. Bana er landsskyttararena, og blir til vanleg brukt av mellom andre Heimevernet, politiet og sivile aktørar.

Storleik og eigarskap
Forsvaret eig heile området, som er på 663 dekar.

Forureining og omfanget av/behovet for rydding
På delar av området har det tidlegare vore gamle skytebaner som ikkje er i bruk lenger. Dei er delvis fjerna eller omdisponerte. Det som står att av desse banene i dag er standplassar og nokre gamle vollar.

Forsvarsbygg Skifte eigedom har avklara den framtidige etterbruken med Steinkjer kommune og andre partar som saka kjem ved. Den delen av eigedomen som blir brukt til skyteaktivitet i dag, vil framleis bli brukt til dette føremålet. Planen er å bruke den vestlege delen av eigedomen til næringsføremål. Den eldste delen av eigedomen vil bli gjort til LNF-område.

Framdrift/prosess
Forsvarsbygg Skifte eigedom gjennomførte utvida prøvetaking i april 2010. Det er utarbeidd ein tiltaksplan, og ein søknad er send til Klif. Planen er å starte ryddeprosessen i løpet av 2012. Etter tiltaksplanen skal det fjernast kring 4 500 kubikk med forureina masse.

  • Vi ryddar før vi forlet ein eigedom

    22.03.2011
    Skifte eigedom har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp føl vi sel.

Areal: 663 dekar

Eieforhold: Eid

Forventet ferdig: Sommeren 2013

Beliggenhet

Pål Skovli Henriksen

">