• Planlegging
  • Høring/søknad om tiltak
  • Igangsatt
  • Ferdig

Miljøsanering av skytebaner i Fredrikstad

Oppryddingsarbeidet er no ferdig på den sterk forureina Regimentsmyra, som er Forsvaret si gamle skytebane i Fredrikstad. I dette arbeidet inngjekk fjerninga av 2 000 tonn farleg avfall som mellom anna inneheldt bly.

Skytebanene på Regimentsmyra omfattar fire baneområde, eit område med to korthaldsbaner for pistol, ei 100-metersbane for gevær, ei handgranatbane og eit område som er brukt til leirdueskyting. Arbeidet med å sanere banene blei sluttført i juli 2012.

Desse tiltaka er gjennomførte:

  • Sandmassar frå deknings- og kulefangarvollane er leverte til eit godkjent avfallsmottak. Områda der ein har grave av masse er arronderte og tildekte
  • Alt av blyhagl og prosjektilrestar er fjerna frå svaberget bak kulefangarvollen
  • Bygningar og faste konstruksjonar som ikkje var bevaringsverdige, er rivne
  • Ein bekk er lagd i tett røyr, slik at reint vatn blir ført forbi skytebaneområdet. Sigevatn frå området blir leidd til kontrollkummar
  • Sluttprøver vart tatt for å dokumentere saneringa

Inga endring av bruken – framleis friluftsliv og skytebaner
Området Regimentsmyra er eit populært turområde i Fredrikstad aust. I dag ligg det eit svært attraktivt bustadfelt utanfor nordenden av tomta. Der er òg noko jordbruk og skytebaner.

Fredrikstad kommune har overteke området, og planlegg no å bruke det til tur- og rekreasjonsområde, og som skytebane for blyfri ammunisjon.

Les mer om

  • Vi ryddar før vi forlet ein eigedom

    22.03.2011
    Skifte eigedom har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp føl vi sel.

Fakta

Tomt: ca 14.000 m2

Adresse: Torsnesveien, 1636 Gamle Fredrikstad

Beliggenhet

Prosjektleder

Trond Nordby

Prosjektleder

93405587

trond.nordby@skifte.no

">