Ørskogfjellet skyte- og øvingsfelt har vore brukt som nærøvingsområde for Heimevernet sidan 1950-åra. Feltet består av totalt åtte baner. To av dei er skytebaner med standplass og skivebogar, medan dei andre seks er mykje meir feltmessig utforma. Då feltet var i bruk, blei det brukt til skyting med handvåpen og kanonar av ymse kaliber.
Bruken av feltet blei trappa ned på slutten av 1980-talet, og den siste kjende aktiviteten på Ørskogfjellet var i 1995.
Storleik og eigarskap
Ørskog skyte- og øvingsfelt er 683 dekar stort. Forsvaret eig 313 dekar, medan 370 dekar ligg på leigd grunn.
Forureining og omfanget av/behovet for rydding
All ureining er på eigd grunn. Forsvarsbygg Skifte eigedom skal fjerne all forureina torvjord frå området. Dessutan skal 775 meter med opne grøfter fyllast att, og noko bygningsmasse skal rivast og fjernast.
På grunn av særskilde utfordringar som knyter seg til reinsing og deponering av organisk masse (myr), er skyte- og øvingsfeltet på Ørskogfjellet med i eit stort forskingsprosjekt (FoU) som Forsvarsbygg Skifte eigedom har teke initiativet til. Føremålet med prosjektet er å hindre avrenning frå forureina myrmassar og finne kostnadseffektive metodar for å handtere slike massar på ein miljøvenleg måte.
Framdrift/prosess
FoU-prosjektet blei starta opp i 2009, men dei fleste større forsøka blei sette i gang i juni 2010. Forsvarsbygg Skifte eigedom reknar med å setje i gang oppryddingstiltak på dei areala der det trengst i 2015.