Skifte Eiendom Skifte Eiendom
Innspel frå idédugnaden på Bømoen i Voss:

Frå militærleir til ?

14.01.2010 Forsvaret har forlate Bømoen leir, og ny sivil verksemd skal i framtida fylle den store leiren. For å sparke i gong prosessen med å identifisere mogleg etterbruk av Bømoen arrangerte Voss kommune og Skifte Eiendom ein idédugnad i august. Innspela som kom var mangfaldige.

Overordna konsept for etterbruken
Noen få av stikkorda for mogleg overordna konsept var ”bygd for store opplevingar”, ”frå vogge til grav – aldersmangfald”, ”aktivitets- og opplevingssenter”, ”utdanningssenter” og ”naturressursar til sals - som finansieringskjelde”.

Et samandrag av innspela for overordna konsept, samt for dei enkelte områda av leiren finner du i vedlagte pfd-fil.

Vegen vidare
Det er satt ned ei arbeidsgruppe frå Voss kommune og Skifte Eiendom som nå skal arbeide fram ein masterplan for området. Det inneberer at ein skal identifisere viktige verdiar, trendar og løysingar og sette opp ei guide for utviklinga av området. Innspela frå idédugnaden blir et av fleire viktige innspel i dette arbeide.

Foto: Inviso/Tom Berger

Frå militærleir til ?
Bømoen leir, Voss
Vedlagte filer:
Bømoen_kart_oppsummering
Tips en venn:
Mottakerens e-post:
Din e-post:
Utskriftsvennlig
Søk

(Søker ikke i salgslisten)